Vår historie

Frå 2006-2015 arrangerte Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS) i Bergen Kulturveka, der interne og eksterne konsertar, kunstutstilling og workshops var del av programmet.

Frå 2016-2019 vart Kulturveka komprimert til tre konsertdagar, under namnet Musikkterapifestivalen.

I brukar-spør-brukar-evalueringa av det kommunale musikkoppfølgingstilbodet MOT82 var eit av funna at fleire hadde opplevd det som stigmatiserende å spele på Musikkterapifestivalen og på Kulturveka-konserten «Psykisk kan du være sjøl!».

Artistane vegra seg for å invitere vener på ein festival som vektlegg musikkterapi og psykisk helse. Dei ynskte å framstå som musikarar på scena og ikkje som «flinke pasientar».

Med bakgrunn i dette inviterte musikkterapeutene ved Bjørgvin DPS folk frå musikkterapimiljøet til å sende inn forslag til nytt festivalnamn og dei engasjerte erfaringskonsulent Bjarte Johansen i festivalkomiteen.

Kring femti forslag kom inn til namnekonkurransen.

Komiteen kåra musikkontakt og tidlegare musikkterapibrukar Jon Magne Karlsen Mangerøy sitt forslag, Gjenklang, til det nye festivalnamnet.  «Musikk kling godt i sjela og gjev ulik gjenklang hjå ulike menneske» forklarte Mangerøy, då han mottok prisen for beste namneforslag under julekonserten ved MOT82 i desember 2019.

Etter at namnet var bestemt engasjerte komiteen den prisbeløna designeren og fotografen Janus Langhorn frå Malmø i arbeidet med å lage ein eigen Gjenklang-logo. Langhorn og erfaringskonsulent Johansen designa saman ein logo som skulle profilere Gjenklang som ein rein musikkfestival.

Musikkterapifestivalen skulle avstigmatiserast og målet var å gje artistene kjensla av å spele på ein festival dei hadde eigarskap til. Etter at namn og log var klart vart komiteen utvida til tre erfaringskonsulentar og tre musikkterapeutar. Brukarmedvirking auka treffsikkerheita i forhold til utforming av tilbod og bidrog til større medvit rundt val av konsertscener. Den fyrste festivalen var planlagt på Hulen i mars 2020, men vart utsett til oktober grunna koronapandemien.

Dei fyrste to åra var Gjenklang organisert under Bjørgvin DPS, frå 2022 ein ideell organisasjon.